Psykologane Lina Elise Hantveit og Line Rustberggaard har skrive bok om korleis ein kan få betre søvn på seks veker. Foto: Anne Sigrid Hundere

Slik får du betre søvn

Er du blant dei som blir liggjande vaken heile natta, medan du stressar over at mangelen på søvn øydelegg dagen i morgon? Eller legg du deg tidleg i senga, for så å kose deg med ein god film? Då gjer du alt feil. – Senga skal nyttast utelukkande til søvn og sex, fastslår psykolog Line Rustberggaard.