[ mat ]

Persetorsk - ein finfin gamal bergensrett

Torsk: Persetorsk er ein finfin gamal Bergensrett.   Foto: Mette Randem.

Forbrukar

Persetorsk betyr pressa torsk, og det betyr at fisken skal først gravast og etterpå leggast i press. Merk deg derfor at fisken skal ligge i eit døgn eller to i sukker og salt før du lagar den til. Sukkersaltinga gjer at torsken blir ekstra fast i fisken.