Kvardagsråd i krisetider

Når samfunnet vårt blir stengt ned og mange av kvardagsrutinane våre er borte, er det ekstra viktig å laga sine eigne rutinar, meiner terapeut og forfattar Anne Sælebakke, som har lang erfaring med livsmeistring og helsefremjande arbeid.

SAMAN UTAN SKJERM: Terapeut Anne Sælebakke oppmodar foreldre til å ta pausar saman med barna utan skjerm og bruka den krevjande tida ein er oppe i no, til å gjera gode ting saman som familie.  Foto: Frank May / NTB scanpix

Forbrukar

Koronaviruset har på kort tid snudd opp ned på livet til dei fleste av oss. Arbeidsplassen er for mange bytt ut med heimekontor. Skular og barnehagar er stengde. Det same er treningssenter, symjehallar og kinoar. Idrettsarrangement og kulturelle tilskipingar er avlyste. Helst skal me halda oss heime, blir det sagt. Det kan vera utfordrande både for små og store. Råd nummer ein frå Anne Sælebakke er å laga struktur på eigen kvardag.