Skatteetaten opna fleire skattekontor tysdag - inkludert i Ulsteinvik

Frå og med tysdag var nesten alle skattekontor der ein kan få gjennomført ID-kontroll opne for publikum som har bestilt time. Dette gjaldt mellom anna skattekontoret i Ulsteinvik.   Foto: Illustrasjon/Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Forbrukar

Frå og med tysdag var nesten alle skattekontor der ein kan få gjennomført ID-kontroll opne for publikum som har bestilt time. Dette gjaldt mellom anna skattekontoret i Ulsteinvik. Det opplyste Skatteetaten om i ei pressemelding tysdag morgon.

Det vil førebels berre vere mogleg å bestille tid for utanlandske statsborgarar som skal søkje om skattekort for første gong, for norske og utanlandske statsborgarar som skal melde innflytting til Noreg - eller dei som må møte personleg for å bekrefte farskap.

Skatteetaten starta 18. mai ei gradvis gjenopning av skattekontora for publikum. Kontora er no opne for timebestilling for tenester som krev fysisk oppmøte.

Elles opna kontora i Alta, Bergen, Bodø, Egersund, Førde, Gjøvik, Grimstad, Grålum, Hamar, Hammerfest, Harstad, Haugesund, Kirkenes, Kristiansand, Kristiansund, Leikanger, Leira i Valdres, Leknes, Lillestrøm, Lyngdal, Molde, Namsos, Narvik, Nordfjordeid, Norheimsund, Oslo, Otta, Rana (Mo i Rana), Sandnessjøen, Sandvika, Skien, Sortland, Stavanger, Steinkjer, Svalbard, Tromsø, Trondheim, Tynset, Tønsberg, Vadsø og Ålesund.