Gjer litt meir ut av frukosten med nydelege havrelappar

LUKSUS-FRUKOST: Ferske havrelappar med bær og søtt pålegg er skikkeleg luksus-frukost.  Foto: Mari-Lene Korsnes

Forbrukar

– Hei, eg heiter Mari-Lene Korsnes og bur i Hovdebygda. Eg har tidlegare studert mellom anna Matkultur og helse på Høgskulen i Volda og driv matbloggen www.medhjerteformat.com. Min store lidenskap her i livet er mat, og då spesielt mat laga frå botnen av. Håpar med dette på å kunne inspirere andre til å kokkelere!  Foto: Privat

Dersom ein har god tid om morgonen er det ekstra godt å gjere litt ut av frukosten og lage seg eit ekstra godt måltid. Desse havrelappane er enkle å lage og smakar nydeleg godt saman med masse bær og yoghurt og kanskje også litt sjokoladepålegg om du skal slå på stortromma.