– I snart 70 år har eg spurt meg føre hos eldre folk her ute ved kysten om dei veit kva ein frostnavar er for noko. Eg har aldri fått noko skikkeleg svar. Difor vart eg svært overraska då eg nyleg fann eit stykke om frostnavaren i Vikebladet Vestposten, fortel Gunnar Eide (97) i Ulsteinvik.

I ein kort artikkel som Odd Karstein Fløtre hadde på trykk i avisa 26. juni, kan vi lese om denne innretninga som hjalp frosne fiskarar til å halde varmen når dei var ute på sjøen og dreiv vinterfiske.

Gunnar har aldri sett ein frostnavar med sine eigne auge, men han har vore fascinert av denne reiskapen i heile sitt liv. Han vaks opp i Ålesund, men tilbrakte sommarferiane hos familien i Valldal. Det var her han fekk høyre om frostnavaren.

– Fjordkarane reiste vinterstida ut til kysten for å drive fiske. Dei nytta opne båtar, helst åttringar, og det kunne ofte vere kaldt om bord. Frostnavaren er ein genial måte å halde varmen på. Ved å vri navaren rundt i eit seigt og hardt trestykke, fekk ein brukt store delar av musklane på overkroppen og gjerne lårmuskulaturen også, seier den tidlegare dyrlegen og syner med armane korleis ein ved hjelp eit slikt stort bor kan få store muskelgrupper i rørsle og dermed halde seg varm.

– Det var viktig at veden som boret stod i var av eit seigt treslag, så det var gjerne rotdelen av treet som vart brukt til dette, fortel han.

I 1950 tok han til som dyrlege i Vanylven og i denne praksisen nytta han høvet til å spørje eldre folk i ytre strok om dei kjente til frostnavaren.

– Men ingen kunne fortelje meg noko. Det var først etter nær 70 år at eg fekk napp gjennom ein artikkel i lokalavisa.