Gårsdagen:

Familien rundt kjøkenbordet

Kvardagsbilde: Den vaksne mannen er Ragnvald Haddal (1910-1965), søstera hans Petra Haddal (1906-1995), kona Henny Haddal (f. Røyset, 1912-1983) og sonen deira Roger Haddal (f. 1952).   Foto: Privat.

Fra papir

Det er ikkje så ofte det dukkar opp slike kvardagsbilete som dette. Ein familie som sit rundt kjøkenbordet og inntek kveldsmaten. Vi er på slutten av 1950-talet eller byrjinga av 60-talet, på ei tid då det var vanleg å ha mjølkemugga ståande på bordet. Også voksduken og rullgardinene i lett gjennomsiktig plast er tidstypiske for denne tida.