– Vi skal ikkje kome sist

Sundag startar handballsesongen for Hareid-damene med heimekamp mot Bergsøy 2.

Klare for sesongstart: Hareid sitt damelag i handball går sundag inn i sin tredje strake sesong i seriespel. No ønskjer dei å sjå litt lenger oppover på tabellen. Susanne Bigset og Andrea Hasund mangla då biletet vart teke. 

Vi har det veldig kjekt på handballbana.

Fra papir

Hareid-damene har mista eit par viktige brikker på laget sidan sist sesong, men trenarduoen Jeanette Teigene og Karina Gade trur likevel Hareid skal kunne slå betre frå seg i år enn tidlegare.

– Vi har ei målsetjing om å ikkje vere sist i divisjonen. Det har vi gjort i to år, så no er det nok, seier Karine Gade før Jeanette Teigene legg til:

– Det er litt nye spelarar inn, vi har nokre som er utilgjengelege og det har vore ei slags omstilling for oss før sesongen. Denne sesongen må dei mellom anna klare seg utan June Skeide Bergseth, som har vore laget sine suverene toppscorar dei to siste sesongane.

– Vi har vore vane med å ha June som banka inn mesteparten av måla våre. Det har ført til at vi har sett på litt andre måtar å spele på, der vi kanskje ikkje blir like avhengige av at alt skal inn til linjespelaren, fortel Teigene.

Vil tette meir att bakover

På grunn av endringar i troppen før denne sesongen er også trenarane litt spente på å sjå korleis laget fungerer, men dei er samstundes sikre på at Hareid skal halde fram med å ta nye steg på handballbana.

– Vi satsar på å få betre kontroll på forsvaret vårt denne sesongen, at vi ikkje slepp inn like mykje mål, for det har i ein del kampar vore eit problem. 40 baklengsmål er altfor mykje, så det må vi prøve å unngå, meiner Karine Gade.

Tøff divisjon

Utan storscoraren tilgjengeleg blir det også viktig for laget at endå fleire tek offensivt ansvar. Der hadde Hareid ei svært positiv utvikling i løpet av sist sesong, men trenarane trur endå fleire vil melde seg på denne sesongen.

– Vi har fått meir rutine i laget, klarar å spele meir i etablert angrep og då får vi også avslutningar frå fleire spelarar, fortel Gade. Denne sesongen skal også ho vere involvert på bana for Hareid.

– Medan eg framleis skal stå på sidelinja og rope, skjemtar Jeanette Teigene. Trenarane slår fast at laget spelar i ein tøff divisjon, som neppe har blitt enklare sidan sist, men at det viktigaste for Hareid er å halde fram utviklinga.

– Vi er så realistiske at vi veit at vi ikkje kjem til å hevde oss heilt oppe i toppen, men vi skal halde på det vi alltid har gjort, at vi har det veldig kjekt på handballbana, fortel trenarane.

Fra papir