Det går mot kamp på Høddvoll

Det store snøfallet dei siste dagane kjem ikkje til å hindre seriepremieren på Høddvoll, søndag.

Fra papir

– No gjeld det å få snøen ut ifrå bana - og det som ikkje har tina til fredag satsar vi på å køyre vekk, seier anleggsleiar Per Arve Moldskred.

Onsdag føremiddag var arbeidet med å rydde Høddvoll for snø i full gang. Bana vert måka med traktor og snøhaugane kjørt vekk med hjullastar.

Det ligg i skrivande stund om lag 30 cm med snø oppå grasmatta.

Ingen fare for tele

Enkelte har undra seg på om frost i marka vil gjere underlaget for hardt. Det er det ingen fare for.

– Det er ikkje noko tele, bana er mjuk og fin under snøen, seier Moldskred.

Natt til søndag er det meldt varme temperaturar og fønvind som forhåpentlegvis vil tørke opp grasmatta.

Grunna snøfallet står det att ein del ting før stadion er hundre prosent klar. Mellom anna skulle tribunane spylast. Slikt arbeid får takast igjen seinare.

- Vi får gjere det som er mogleg å gjere, så satsar vi på dette vert bra. Stadion er ikkje i heilt ship-shape no, men i slik stand at vi kan avvikle kamp på ein ordentleg måte, avsluttar anleggssjef Moldskred.

Fra papir