Eliassen på topp for Folkelista

Folkelista for Hareid har 27 namn, og øvst tronar Dag Audun Eliassen frå Brandal.

  Foto: Anne Gry Eilertsen

Fra papir

Folkelista for Hareid vart danna for fire år sidan, og har i inneverande periode fem representantar i kommunestyret. Blant desse er det berre Dag Snipsøyr som har sagt nei til å stå på lista.

Dag Audun Eliassen er leiar for kommunestyregruppa, og han står altså øvst også på den nye kommunevallista.

Han synest det er litt kinkig å svare på om han er ordførarkandidat.

Vi har ei liste utan kumuleringar. Det synest vi er ein god ting, for då har veljarane større sjanse til å bestemme kven dei vil ha inn. Og når valet er unnagjort, blir det uansett ein hestehandel om kven som skal ha ordføraren og andre sentrale verv, svarer Eliassen - og legg til: - Folkelista vil ta ansvar, viss veljarane gir oss ansvar.

Å kjempe mot sentralisering har vore sentralt for Folkelista. Blant sakene dei gjekk til val på for fire år sidan var levedyktige krinsar, offentleg skule og byggjefelt i alle krinsane.

Programmet for dei komande fire åra er ikkje klart, men det meste tyder på at desse kampsakene også blir viktige for dei i denne valkampen.

Eliassen meiner Folkelista har ei god fordeling både mellom kvinner og menn, og krinsane i Hareid.

På lista er der 8 namn frå Hareid sentrum, 8 frå Bigset, 7 frå Hjørungavåg og 4 frå Brandal. Der er også to personar med innvandrarbakgrunn.

Folkelista for Hareid kommune:

1. Dag Audun Eliassen, Brandal

2. Ingunn Petrin Pettersen, Bigset

3. Hallgeir Teigene, Hareid

4. Kristian Fuglseth, Bigset

5. Veronica Kvalen Pilskog, Hareid

6. Ranja Dimmen Alme, Hjørungavåg

7. Bjørn Overå, Hjørungavåg

8. Ranjani Sivapalan, Hareid

9. Hogne Grimstad, Hareid

10. Anja Merete Nykrem Korshaug, Bigset

11. Terje Karlsen Wiik, Hareid

12. Jeanette Klungsøyr, Bigset

13. Øystein Liavåg, Hjørungavåg

14. JanArild Bjåstad, Bigset

15. Ivar Karl Liaset, Hjørungavåg

16. Irene Follestad Rise, Hareid

17. Edgar Arne Gjerde, Bigset

18. May-Britt Brandal, Brandal

19. Eiliv-Tore Howlid, Hareid

20. Tone-Lise Bjåstad, Bigset

21. Ravi Mylvakanam, Hareid

22. Gunnar Hjørungnes, Hjørungavåg

23. Gunn-Bente Drevland, Brandal

24. Ole Kristian Haugen, Bigset

25. Elisabeth Myrene, Hjørungavåg

26. Arve Richard Røyseth, Brandal

27. Per Gunnar Hjørungdal, Hjørungavåg

Fra papir