«Høgsfjord» bles opp på kaia

Ein pullert trengde seg inn i skroget

Situasjonen klokka 16 - eit kvarter før full fjøre. 

New Articles

I løpet av morgontimane julafta har bilferja «Høgsfjord», som ligg ved kai på ytre Hareid-molo, vorte kasta opp over kaikanten av kombinasjonen høg flo / kraftige vindkast. Ferja vart dermed liggande med slagside.

Då lokalavisa fekk tips om hendinga klokka 14 stod to Norled-tilsette og vakta utviklinga. Dei fortalde at det var ingen om bord i ferja og at dei hadde som oppgåve å følgje utviklinga. Ein av pullertane på kaia hadde trengt gjennom skroget – og det var uvisst om dette kom til å hindre ei avgliding fram mot full fjøre klokka 16.15. Også ankeret såg ut til å ha huka seg fast i kaikanten, som har vorte ein del knust.

NB: I løpet av julekvelden har ting ordna seg. Ferja ligg no i water. Utanfor kaikanten.