Sætrenes foreslått som ny styreleiar i Havila

Jostein Sætrenes, busett i Ulsteinvik, er foreslått som ny styreleiar i Havila Shipping ASA.
New Articles

Ifølgje Sunnmørsposten kjem forslaget om ny styreleiar fram i selskapet si innkalling til ordinær generalforsamling 9. mai.

Dersom forslaget går gjennom, tek Sætrenes over som styreleiar etter Per Sævik.  Sævik seier til Sunnmørsposten at han har tenkt å trappe ned.

Jostein Sætrenes (52) er i dag administrerande direktør i Shipsinvest AS l i Ulsteinvik.