Lovande for reiselivet på Sunnmøre

Tilstrøyminga av turistar til Sunnmøre kan dette året gå mot ny rekord. Utsiktene for neste år er også positive.

Fjoråret var eit rekordår for reiselivsnæringa på Sunnmøre. Mykje tyder på at 2017 blir endå betre. Her cruiseskip ved kai i Geiranger.   Foto: Kirsten Offerdal/NPK.

New Articles

(NPK): – Det endelege talet er ikkje på bordet enno, men 2017 kan blir eit år som er minst like bra som rekordåret i fjor, seier Tom Anker Skrede i reiselivsselskapet Visit Ålesund & Sunnmøre til nettavisa nett.no.

Utsiktene for 2018 er også lovande. Reiselivsbedriftene i landsdelen har både fått inn fleire og tidlegare bestillingar enn på same tid i fjor.

Skrede meiner svak kronekurs, ein generell auke i reiselivet globalt og langsiktig marknadsføring er medverkande årsaker til at fleire utlendingar vel å feriera i Noreg. Sjølv har han nyleg vore i Kina for å marknadsføra Nord-Vestlandet blant reiselystne kinesarar.

– Det er eit langsiktig arbeid, seier Skrede, men allereie neste år håpar han fleire kinesarar tek turen til Sunnmøre.