Cervix Vocales i Hareid kyrkje

Herøykoret blir med på salmekvelden i dag .

Cervix Vocales blir dirigert av Øyvind Granden Berg.  

New Articles

Damekoret Cervix Vocales frå Herøy er gjestar under salmekvelden i Hareid kyrkje i dag onsdag 7. mars.

Arrangementet, som er i regi av Hareid sokn, er nummer 14 i rekka av kveldar der hovudmålet er å gjere seg kjend med den nye salmeboka, som kom i 2013.

Cervix Vocales deltek i allsongen og vil sjølve synge i to avdelingar under dirigent Øyvind Granden Berg.

Crevix Vocales vart starta i 2003 og har 15-årsjubileum i år. I 2003 var koret tenkt som eit trivselstiltak for tilsette i pleie-og omsorgssektoren i Herøy kommune. Det var ikkje i utgangspunktet tenkt som eit damekor, men med den kjønnsfordelinga som er i slike yrke, vart det ein naturleg konsekvens. Koret sitt latinske namn vitnar også om at her er mange damer med medisinske kvalifikasjonar: Cervix = hals/livmorhals, Vocales = stemmer. «Livmorhalsstemmer» med andre ord.
Etter ni år som pleie-og omsorgskor vart det gjort eit årsmøtevedtak om å opne koret for alle syngande kvinner i kommunen. Cervix Vocales er no det einaste damekoret i Herøy kommune.
Koret har i dag 24 syngande kvinner som tek arbeidet med musikken seriøst og som ikkje er redde for å møte utfordringar. Koret har delteke både på Sunnmøre KorCup og NM for kor med gode plasseringar. Koret sitt repertoar er variert og rikhaldig. Dirigent sidan 2014 er Øyvind Granden Berg.

Tema for salmekvelden er den fastetida vi no er inne i. Det vil også prege salmeutvalet.