Sykle til jobben-aksjonen:

Helsefremjande å sykle til jobb

Å sykle til jobben reduserer risiko for sjukdom med opptil 46 prosent, går det fram av ei gransking. No kan nordmenn kome i betre i form gjennom årets sykle til jobben-aksjon.

Sykle til jobben-aksjon skal få oss i betre form.   Foto: Kari Hamre/NPK.

New Articles

(NPK): Forskarar har sett på 250.000 britiske jobbpendlarar over fem år og kome fram til at aktiv jobbpendling med sykkel reduserer generell dødsrisiko med 41 prosent, førekomst av kreft med 45 prosent og hjartesjukdom med 46 prosent. Det er også klare fordelar av å gå til jobben, men sykling er noko meir effektivt for helsa, ifølgje studien publisert i British Medical Journal.

Noregs største kom-i-form-kampanje går straks av stabelen for 45. gong og er større enn nokon gong. Med over 40.000 deltakarar årleg kan du saman med venner, kollegaer og familie og delta i Noregs største aktivitetskampanje. Aksjonen varer i perioden 19. april–17. juni.

– Vi kan ikkje reparere oss ut av folkehelseutfordringane. Vi må førebyggje meir og leggje til rette slik at det blir enklare for alle å ta kloke, sunne val i kvardagen. Sykle til jobben-aksjonen er ei super moglegheit til å ha det litt gøy og samtidig komme seg i betre form, seier eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen.

Du finn meir informasjon om kampanjen på nettstaden sykletiljobben.no.