Klokka 17:43 torsdag ettermiddag var Vikebladet Vestposten i kontakt med 110-sentralen i Møre og Romsdal, som kunne fortelje at det hadde funne stad ei trafikkulukke i Botnen, ikkje så langt frå Kvalnestunnelen.

Ifølgje 110-sentralen var det snakk om ein kollisjon mellom to bilar, ein påkøyrsel bakfrå. Dei involverte blei ikkje hardt skadde, men blei oppmoda om å dra innom legekontoret for ein sjekk.

Naudetatane var raskt på staden.