Bruktbutikken Brukt & Billeg har igjen delt pengar til mange gode tiltak i Hareid kommune. 25 000 kroner av overskotet gjekk til nye utemøblar på Dagsenter for heimebuande eldre på Hadartun, etter initiativ koordinator på dagsenter, Kari Anne Eidsvik. Desse nye utemøblane vart tatt i bruk og innvia i dag. Det var flotte og gode møblar. Både brukarane og dei tilsette sender ein stor takk til alle som jobbar frivillig på butikken, slik at ein får moglegheit til slike positive tiltak!

Vidare gir Brukt & Billeg 25 000 kriner til klatrepark i sentrum. I påvente av oppstart er desse kronene sett på konto.

10 000 kroner går til Hafest sitt blomeprosjekt i Hareid sentrum. Vidare gir dei 10 000 kroner til fleire julelys i sentrum (Terje Karlsen Wiik sitt prosjekt).

Dei gir 15 000 kroner til hjartestartar i Hareid kyrkje. Og 5000 kroner til Hareid Triatlon sitt arrangement.

Pilskog Overå Velforeining får 5000 kroner til zipline.

Til hausten er det Elvismesse i Hareid kyrkje. Det er eit samarbeid mellom Frivilligsentralen og soknepresten. Dette prosjektet får 5000 kroner.

4000 timar gratis arbeidstimar

Denne støtta er mogleg takka vere frivillig innsats frå alle som arbeider på bruktbutikken. Dei legg årleg ned 4000 gratis arbeidstimar her. Det gjer at dei kan gje dette overskotet tilbake til Hareid, i form av gåver og tilskot til gode formål og aktivitetar i kommunen.

Dette er også mogleg takka vere alle som gir ting dei kan selje i butikken og alle som handlar hos dei. Slik kan ein ta betre vare på miljøet (hindre bruk og kast) og støtte gode formål i Hareid.