-Det var problematisk å få opp vatn, difor brukte vi skogsbrannpisker for å sløkke brannen, som hadde spreidd seg på eit område på ca. 60x60 meter. Skogsbrannpiske er eit langt treskaft med stål forma som ei vifte på enden, som vi slår på bakken med for å sløkke brannen, forklarer vakthavande overbefal for Hareid og Ulstein brannvesen.

Ettersløkkingsarbeid

Dei fekk kontroll på brannen ganske fort, utan bruk av vatn, men dei haldt på med ettersløkkingsarbeidet fram til 07-07.30 søndags morgon.

-Det tok nok litt meir tid fordi mannskapet på Hareid måtte rykke ut til ei bilulykke på Hjørungavåg før dei kunne assistere oss, fortel Overbefal Per Erik Akerjordet, og held fram:

-Problemet er ettersløkkinga. For å vere sikker på at ikkje brannen blussar opp att, må ein sløkke med vatten. Det tek tid, og må gjerast grundig. Difor fekk vi etter å ha roa flammane ut slangeutlegg ved parkeringsplassen i sjukeheimssvingen, som vi pumpa vatten opp gjennom til utkikkspunktet.

Før dei hadde fått pumpa opp noko vatten, byrja det å blåse. -Då er det kritisk å få tatt det i grunnen. Det var ein hard jobb, fortel Per Erik.

Brannårsaka

Akerjordet ynskjer ikkje å spekulere i kva som er brannårsaka, men ynskjer å poengtere at det er unødvendig å ha open eld no. -Det burde alle forstå at dei ikkje skal, det må folk forstå. Sjølv om det har regna litt, var det ikkje mykje som kom. Det skal mykje regn til for at det skal normalisere seg heilt. Ei lita regnbye er ikkje nok.

Ynskjer å gje skryt til brannmannskapet

-Dette var ein brann som det var krevjande å sløkke heilt. Eg ynskjer å gje honnør til brannmannskapet for deira fantastiske innsats, seier Per Erik Akerjordet.

Foto: privat: Per Erik Akerjordet