Politiet i Møre og Romsdal melder via sin Twitter-konto at Eiksundtunnelen er stengt. Årsaka til stenginga skal vere at det kjem røyk eller damp ut frå tunnelen.

Politiet skriv i ei oppdatering at det kjem ut mykje damp/eksos frå tunnelen på Ulsteinsida. Tunnelen vart likevel opna igjen og Vegtrafikksentralen er varsla om dampen.

Også tysdag kveld kom det tidvis mykje damp/eksos frå tunnelen.