Eiksundtunnelen var stengd på grunn av røykutvikling

New Articles

Eiksundtunnelen vart stengd tysdag morgon, etter melding om kraftig røyk i boten av tunnelen.

Brannvesenet er inne i tunnelen, men ifølgje ei twittermelding frå politiet er det ingen røyk å observere no.

Ifølgje meldinga kan varmgang i bremsene på eit større køyretøy vere årsaka til røyken som vart observert i området.

Stine Ulfstein fortel til Vikebladet Vestposten at ho køyrde inn i Eiksundtunnelen før han vart stengd tysdag morgon.

- Eg hadde akkurat passert fotoboksa på veg nedover frå Ulsteinsida, og då såg eg at det vart meir og meir røyk. Sikta vart veldig dårleg, så til slutt bestemte eg meg for å snu og køyre ut igjen. Då eg kom ut av tunnelen, var den stengd, seier Ulfsten.

Politiet skriv på twitter at dei vurderer fortløpande om tunnelen skal opnast igjen.

Klokka ti på ni køyrde ein taubil inn i tunnelen, frå Ørsta-sida, for bilberging. Politiet melder no at tunnelen vil opne straks.

Tunnelen er no open.