Nattbussen køyrde av vegen

Nattbussen på veg til Søre Sunnmøre frå Oslo køyrde av vegen ved Skjåk.  Foto: Politiet

New Articles

Tre personar er sende til sjukehus etter at nattbussen frå Oslo til Ulsteinvik køyrde av vegen ved Skjåk natt til tysdag.

Ifølgje Sunnmørsposten er ein mann frå Volda og ei kvinne frå Moltustranda lettare skadd. Den tredje skadde, ei kvinne, vart frakta med ambulanse til traumemottaket, seier operasjonsleiar i politiet, Kjartan Waage, til Sunnmørsposten.

Bussen hadde 26 passasjerar i tillegg til sjåføren, og bles av vegen på riksveg 15 ved Skjåk kyrkje klokka 04.18.


Nattbussen køyrde av vegen:

– Forferdeleg oppleving