Gospelkoret er klart for årets høgdepunkt

Einfrid Grindheim dirigerer Gospelkoret. (arkivfoto)  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

New Articles

Gospelkoret gler seg til å arrangere påskekonsert i Ulstein kyrkje komande torsdag. 

Påskekonserten er årets høgdepunkt for Gospelkoret. Gjennom ein variasjon av gospelsongar, salmar og tekstlesing blir Jesu død og oppstode formidla med glede, undring og takksemd. Einfrid Grindheim dirigerer koret og Bjørnar Hovlid er pianist og bandleiar.

Koret vonar konserten blir ei god og stemningsfull innleiing til påskehøgtida som kjem.

Sjå annonse i laurdagens avis (laurdag 6. april).


Styret i Gospelkoret