Vert det ein ende på regnbygene?

Sur start på månaden i Ulstein og Hareid kommune

  Foto: Jorulf Myrene

New Articles

Har du gitt opp tanken på å få ordna i hagen, og gå på lange fjellturar no som det endeleg er sommar, og du kanskje til og med har fri?

Det sure vêret kjem delvis til å halde fram til neste veke, skal vi tru meteorologen:

- Det ligg eit lågtrykk utanfor Helgeland, som har ført til nedbør på store delar av Vestlandet. Regnet kjem til å vere litt av og på ut onsdag, og natt til torsdag, men utover torsdagen skal vêret lette, forklarer ho. 

Mogeleg opphald

Det vert truleg lengre periodar med opphaldsvêr og litt stigande temperaturar.

- Det ser ut til at neste veke kan verte ganske fin. Er ein heldig slepp ein unna lågtrykket som er i prognosane, som svirrar ute i Norskehavet. Prognosane er usikre, men det ser ut til at uveret gir seg i morgon, fortel meteorologen.

10 -til 13 grader

Om ein samanliknar temperaturen i år med fjorårets rekordtemperaturar vert ein nok skuffa.

- Vêret de har no er normalt for norsk sommar. 2 månadar med strålande sol, høge temperaturar og tørke er ikkje vanleg i Noreg, fortel meteorologen. 

Men eit lite hopp i temperaturen fredag denne veka, og 10 -til 13 grader i helga er likevel betre ver enn dei første dagane i juli.

- Det vert også eit hopp igjen frå starten av neste veke. Det vert ikkje noko strålande sol. Det vert litt av og på med skyer, men det vert betrakteleg betre enn det har vore dei siste dagane. Det skal stort sett verte opphald, om ikkje desse lågtrykka ute i havet trekker mot Ulstein og Hareid.