Sunnmøre Friluftsråd arrangerer padlefestival

  Foto: Sunnmøre Friluftsråd

New Articles

I samband med Herøy kajakklubb, Ung Arena Ulstein og Bell ungdomsklubb skal Sunnmøre friluftsråd arrangere padlefestival for ungdom i alderen 13-19 år på Eiksund i midten av august.

Padlefestivalen går føre seg frå 13. til 15. august, noko som er i veka før skulestart, og det er gratis å vere med.

Den første dagen av festivalen kjem til å vere ein open dag på badeplassen på Eiksund, medan dei blir arrangert grunnkurs i kajakk med vegleiarar frå Herøy kajakklubb dei to andre dagane.

Les meir om padlefestivalen her (ekstern lenke).