Volleyballbana på Eiksund får påfyll:

Ny sand

I morgon, laurdag får volleyballbana på Eiksund ny sand.

Etter arbeidet laurdag, kjem det atter ein gong til å vere trygt å spele volleyball her.   Foto: Odd Kåre Wiik

Sandvolleyballbana er noko av det fyrste ein måter på når ein kjem kjem køyrande gjennom Eiksundtunnelen. Den kommunale vegen Eiksundkaia, ved volleyballbana er allereie skilta med fartsgrense 50 km/timen.  Foto: Odd Kåre Wiik

New Articles

Fyrst fekk Bygdelaget i Eiksund nei  frå kommuneadministrasjonen til å fylle sand på volleyballbana si, men no er altså sanden, som er spesiallaga for sandvolleyballbaner på plass i Eiksund.

Det var Sparebank 1, Søre Sunnmøre som gjorde dette mogleg, då dei gav Bygdelaget i Eiksund ein sjekk på 30 000 kroner.

Laurdag 6. juli vert sanden lagt utover bana, opplyser Odd Kåre Wiik, leiar for drift og anlegg  i Ulstein kommune.

Den kommunale vegen Eiksundkaia er allereie skilta med fartsgrense 50 km/timen.


 

 

Ulstein-ordførar Knut Erik Engh om sandvolleyballbanen:

– Dette må vi få til



Treng meir sand på sandvolleyballbanen i Eiksund – kommuneadministrasjonen seier nei:

– Vi er også ein del av Ulstein kommune