Gardbrukar seier seg lei for at det har tatt tid:

– Oppryddinga er i gang

Utnytt ressursane: – I staden for å la høyballane ligge å rotne, og at hjorten et av han, kvifor ikkje prøve å selje dei? I fjor var det for lite dyrefôr tilgjengeleg i Noreg. Då byrja vi å importere frå utlandet. Om desse framleis var etande, kunne dei gjort nytte. Hadde ikkje det vore betre løysing? Seier Nina.  Foto: Emily Louisa Millan Eide

New Articles

Nina Renate Røyset vil vise lokalavisa eit område som uroar henne. Vi går langs Kvitholvegen i Hareid kommune, like ved ei elv som renn ut i Hareidselva, og så vidare ut i Sulafjorden. Her finst det eit yrande fugleliv, gnagarar og hjort. 

Inne på privat eigedom har det over fleire år blitt samla opp gamle høyballar.