Ådne Andersen sprang 1500 meter på Universiaden:

Tok nesten ny "pers" i Napoli

Ådne Andersen (t.v.) saman med Even Brøndbo Dahl. Dei to representerte Norge på 1500 meter.   Foto: Dimna IL

New Articles

Akkurat no (3. - 14. juli) vert den 60. utgåva av Sommaruniversiaden arrangert i Napoli i Italia. Universiaden er eit multi-sport arrangement for universitetsutøvarar.

Ådne Andersen frå Dimna IL representerte Norge på 1500 meter, og sprang i går kveld inn på tida 3:48.91. Dette er berre nokre tidelar bak hans personlege rekord, så han leverte ein svært god prestasjon.

Tidskravet for å kome seg vidare frå forsøket var på 3:45.48, så Andersen vart dessverre slått ut.