I ei pressemelding frå Hurtigruten, som du kan lese her (ekstern lenke), kjem det fram at MS Roald Amundsen skal til Antarktis for å døypast.
Dermed held skipet fram med å skrive historie. MS Roald Amundsen er nemleg verdas første hybriddrivne cruiseskip, det første cruiseskipet i verda som har segla berre på batterikraft - og blir snart det første skipet i verda som er døypt i Antarktis.
Bilde av MS Roald Amundsen nokre dagar før skipet drog frå Kleven Verft. Foto: Arkiv/Linda Eikrem
Dåpen skal skje under hybridskipets første ekspedisjonscruise til "Det kvite kontinentet", noko som er i byrjinga av november. Dåpen vert lagt til Antarktis for å heidre Roald Amundsen og arven etter dei norske polfararane. Kven som skal bli gudmor til skipet er enno ikkje bestemt.