Ådne til finalen på 5000 meter

Ådne Andersen (i midten) er vidare til finalen på 5000 meter i Universiaden.  Foto: Even Brøndbo Dahl/Dimna IL

New Articles

I går kveld (torsdag kveld) tok Ådne Andersen frå Dimna IL seg til finalen på 5000 meter i Universiaden i Napoli.

Han bleir nummer 7 i sitt heat og kom inn på tida 14:30,20. Dette er berre eitt sekund bak den personlege rekorden hans.

Frå Dimna IL sitt innlegg på Facebook, melder Ådne at det lenge var eit lureløp, men at den siste kilometeren gjekk raskt.

  Foto: Even Brøndbo Dahl/Dimna IL

 

Ådne sprang i det første heatet, og dei fem første gjekk til finalen. Sidan han vart nummer 7, måtte han vente og sjå om tida var god nok for ein finaleplass. Det andre heatet gjekk ikkje like kjapt, og han sikra seg dermed den siste finaleplassen.

Finalen på 5000 meter går laurdag kveld, og Dimna IL og Ådne Andersen har trua på ny "pers".