Fredag formiddag vart ei kvinne observert naken i Ulsteinvik sentrum då ho gjekk mellom Blåhuset og Mix kiosken. Rett bak henne kom politiet køyrande.
På tidspunktet var det ein del personar ute i området.
- Ho er teken hand om, og får nødvendig hjelp. Vi forstår at det er interesse for saka, men for å verne vedkommande ønskjer vi ikkje å seie noko meir om dette, opplyser operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt.