Både spel og tur på Sandsøya førstkomande laurdag

Det vert arrangert ettermiddags- og kveldstur på Sandsøya. Bildet er oppe på Dollsteinen, ein av stadane turen går innom.  Foto: Martin Hauge-Nilsen

New Articles

Laurdag 10. august kan det vere lurt å ta turen til Sandsøya. Kong Arthur-spelet har framsyningar kl. 13.00 og 16.30 på laurdag, og søndag kl. 15.00.

Kl. 16.00 på laurdagen kan ein også bli med på ein ettermiddags- og kveldstur med turleiarar på Sandsøya. Turen tek utgangspunkt i Sjutoppsturen og går i tillegg opp på Dollsteinen, samt gjennom nokre parti utanom løypa til Sjutoppsturen.

Naturguide Martin Hauge-Nilsen får med seg sandsøyingane Ingar Støylen Bringsvor og Eirik Voksøy Bringsvor.

Turen går innom den kjende Dollsteinen.  Foto: Martin Hauge-Nilsen

 

Ta turen til Sandsøya for ein innhaldsrik dag.

Du kan lese meir om arrangement på Facebook her.