Laga til showkampen er klare

Her løftar kaptein Fredrik Klock kongepokalen i 2012 etter sigeren over Tromsø, men klarer dei å slå Hødd sitt 95'-lag?  Foto: Arne Flatin

New Articles

Søndag 18. august kl. 14.00 er det klart for showkamp på Høddvoll, i høve klubbens 100-årsjubileum. Det har lenge vore klart at kampen skal spelast, og at det er Tippeliga-laget frå 1995 mot cupfinalelaget frå 2012, men no er troppane til laga og trenarteam klare.

95'-laget blir leia av Erik Brakstad. I støtteapparatet får han med seg Eldor Skeide, Steinar Hauge, Kjetil Strand, Per Rune Tødenes med fleire.

Troppa til laget som spelte på Noregs øvste nivå i 1995 består av Stig Engen, Lars Ivar Moldskred, Even Blakstad (K), Tommy Sylte, Geir Sundal, Geir Televik, Tor Arild Haddal, Karl Oskar Fjørtoft, Kenneth Giske, Petter A.Hagen, Stein Holsvik, Harald Åsland Riise, Ole Petter Fjørtoft, Andre Skotheim, Trond Helgesen, Geir Hasund, Egil Ulfstein, Georg Aursnes, Cato Eiksund Rogne, Stig Haugland, Jan Egil Tryggestad, Mads-Andre Værnes, Jan Arild Roppen og Ole Bjørn Sundgot. Dei er dermed 24 spelarar.

Cupfinalelaget frå 2012 vert leia av Einar Magne Skeide, og han får med seg Lars Petter Rønnestad, John Vik, Svein Vattøy, Michael Dahl, og fleire i støtteapparatet.

Troppa til laget som vann cupfinala mot Tromsø består av Jan-Lennart Urke, Erika Skarbø, Fredrik Klock (K), Steffen Moltu, Vegard Heltne, Kazeem, Elias Lala, Espen Standal, Bendik Torset, Thomas Kleppe, Martin Haanes, Ruben K. Brandal, Ørjan Engen Grimstad, Anders Vaagen, Jesper Törnqvist, Joachim Magnussen, Magnus Myklebust, Finn-Erik Stavseng, Helge Edinsen, og kanskje Erik Sandal. Dei blir dermed, mest truleg, 20 spelarar i troppa.

Som vi ser er ikkje laga og støtteapparata heilt "reine" og frå det eksakte laget, men det blir nok ein veldig artig kamp på Høddvoll uansett. Hødd spelar seriekamp mot Stjørdals-Blink kl. 16.00 same dag.