Rusa bilførar stakk av

New Articles

Ein mannleg bilførar i slutten av 30-åra prøvde å stikke av då han vart stoppe i ein UP-kontroll torsdag kveld. I følgje politiet fann kontrollen stad på Dimna.

Mannen vart fort innhenta av politiet og forklarte at han hadde vore bekymra for at køyretøyet hans skulle verte avskilta og at det var difor han ikkje stoppa for kontrollen. Det synte seg at mannen var rusa og vart tatt med til lege for prøvetaking.

Politiet vil opprette ei sak på forholdet.