Går til IF Elfsborg

Sivert Heltne Nilsen forlet AC Horsens til fordel for IF Elfsborg.  Foto: Kristian Stenerud/Sunnmørsposten.

New Articles

Tidlegare i dag vart det klart at den tidlegare Hødd-spelaren bytar ut AC Horsens og Danmark med IF Elfsborg og Sverige. Han kom til Horsens midt i førre sesong, og forlet altså klubben etter omrent eitt år.

Horsens-trenar Bo Henriksen er glad for å ha fått jobbe med Sivert.

- Han har vist vilje, leiareigenskapar og gode haldningar, seier Henriksen til Horsens si nettside.

Ein av grunnane til at Heltne Nilsen forlet den danske klubben, er at han har blitt brukt som midtstoppar, i staden for som defensiv midtbane.

Men voldingen har likevel berre gode ord om Horsens.

- Det er sjølvsagt tøft å forlate klubben, for eg har hatt det fantastisk og fått gode erfaringar i Horsens, fortel han.

27-åringen ser fram til nye utfordringar i Sverige.

- Eg ser fram til å starte på eit nytt kapittel og er svært motivert til å gjere det bra i svensk fotball, konkluderer han.

Du kan lese AC Horsens si sak her.