Møter Hovdebygda

Her feirar Hasundgot 1-0-målet mot Hovdebygda tidlegare i sesongen.   Foto: Erik K. Heimdal

New Articles

Torsdag kveld kl. 18:30 brakar haustsesongen for fullt i gang i 5. divisjon. Hovdebygda gjestar Hasundgot Stadion, og vil revansjere oppgjeret mellom laga tidlegare i år.

Hasundgot slo nemleg Hovdebygda 2-0 på bortebane, noko som var svært overraskande, sidan Hasundgot nettopp hadde rykka opp, og fordi Hovdebygda vart rekna som ein av opprykksfavorittane.

Men sjølv om Hasundgot sigra i den kampen, ligg Hovdebygda på 3. plass på tabellen, to plassar over Hasundgot. Men det skil berre to poeng mellom laga, noko som betyr at Hasundgot går forbi med siger i torsdagens kamp.

Hasundgot avslutta vårsesongen med 2-1-siger borte mot tabelljumbo Ellingsøy, medan Hovdebygda slo Stranda 3-2 på bortebane. Begge lag avslutta med andre ord vårsesongen på best mogleg vis.

Hasundgot melder at dei har ei ganske frisk og rask tropp, og det kjem dei til å trenge. Hovdebygda er eit godt lag, og skulle dei klare å slå dei nok ein gong, så vil det vere svært imponerande.

Her kan du lese Hasundgot si førehandssak om kampen.