Møter Valder til dyst

Håkon Fjørtoft var, i lag med Ola H. Nilsen, Hødd 2 sin nest-mestscorande spelarar i 4. divisjon i vår (bak Bendik Engen). Fjørtoft har reist i militæret og blir ikkje med til hausten.  Foto: Erik K. Heimdal

New Articles

Hødd 2 startar haustsesongen ein dag seinare enn Hareid og Hasundgot. Fredag kl. 18:30 brakar det laust også på Høddvoll, og andrelaget møter Valder.

Og det blir ikkje nokon lett kamp for dei "blåkvite". Dei tapte nemleg 4-2 for Valder i sesongens første kamp. Valder har vist seg som eit av dei betre laga i divisjonen, og ligg på ein sterk 3. plass med 18 poeng.

Men dersom Hødd 2 klarer å slå Valder på fredag, så kjem dei til å krype forbi dei på tabellen. Hødd sitt andrelag ligg nemleg på 6. plass med 16 poeng.

Valder avslutta vårsesongen med eit sterkt 2-2-resultat borte mot tabelltopp Volda, medan Hødd 2 tapte 3-1 for Bergsøy. Det betyr nok at Valder får favorittstempelet før oppgjeret, men divisjonen er såpass open at her kan alt skje.