Entec kjøper Utbyggingsteknikk AS

Entec konsernet held fram med å vekse og har no kjøpt opp selskapet Utbyggingsteknikk As.

Held fram med å vekse: Entec kjøper Utbyggingsteknikk AS 

Sindre Breivik: Er ein av dei som no vil starte å arbeide med Entec. Han ser fram til å kunne bidra med sin kompetanse i selskapet.  

Daglig leiar i Utbyggingsteknikk: Per Håkon Kleppe 

New Articles

Slik let pressemeldinga frå ENTEC

-Som eit ledd i å realisere vår vekststrategi, ønskjer vi å styrke selskapet med meir kompetanse og kapasitet innanfor det byggtekniske området både vedrørande berekningar, prosjektering og prosjektleiing, uttalar konsernsjef Håvard Haanes.

Entec meinar at det rådgjevande ingeniørselskapet Utbyggingsteknikk AS på Hareid har det som skal til for å få dette på plass. Då dei har levert byggtekniske rådgivnings- og prosjekteringstenester til byggebransjen og til den kommunaltekniske bransjen i mange år.

Utbyggingsteknikk vil inngå i Entec familiens team innanfor Prosessteknologi divisjon saman med selskapene Brimer og ServiTech.

- Entec sin Prosessteknologi divisjon leverer produkt, system og tenester innanfor vatn & avløp, landbasert oppdrett og til fiskeri & industri markedet. Vi vil med dette kunne levere eit breiare produkt- og tenestespekter til våre kundar, og vi styrker vår eigen kapasitet på eit strategisk viktig område, seier leder for Prosessteknologi-divisjonen Stig Stokke.

Per Håkon Kleppe og Sindre Breivik i Utbyggingsteknikk seier at dei gler seg stort til å kunne få bidra inn i eit spennande og innovativt vekstselskap som Entec, og gler seg til å få dele kvardagen i eit større kontor- og kompetansemiljø med sine nye kollegaer.