Bustadhus i Brandal totalskadd i brann

New Articles

Naudetatane rykte fredag ettermiddag ut til Brandal, etter å ha fått melding om brann i eit bustadhus i Skarbakkfeltet.

Ifølgje vår journalist på staden, har brannvesenet fått kontroll på flammane, og alle som var i huset, har kome seg ut.

Huseigar var ikkje heime då brannen starta, men kom til staden medan sløkkingarbeidet pågjekk. Ein familie på fem leigde leilegheita i kjellaren, men alle desse kom seg ut.

Brannen i bustadhuset har ført til mykje røyk nabolaget, og tre personar er evakuerte frå eit nabohus på grunn av røyk, melder politiet på twitter.

- Hovudetasjen er rimeleg utbrent og kjellaren er full av vatn. Huset må nok karakteriserast som totalskadd, men vi vil gjere forsøk på å berge ut nokon av gjenstandane i kjellaretasjen, fortel brannsjef Olav Helt Brubakk. Han var den første frå brannvernet som kom til staden og fortel at det var lite flammar å sjå, men mykje røyk.

- Brannen kan nok ha lege og ulma lenge, seier han.