Sitjeplassar på Hasundgot stadion

New Articles

Det byrjar å bli ei god stund sidan Hasundgot IL fekk stolar frå gamle Høddvoll, men no er dei endeleg på plass på murtribunen langs den eine langsida på Hasundgot stadion.

Hasundgot skriv følgjande på sine heimesider:

"Dei siste dagane har anleggsnemnda i Hasundgot gjort ein heilt framifrå jobb med å vaske murtribunen, spikre på treramme og montere på stolrad på stadion.

Førebels er det ikkje like mange sitjeplassar som på nye Høddvoll, men vi er svært nøgde med å endeleg kunne tilby ein god sitjeplass til fleire titals personar."

Stolane var på plass då damelaget tok sin første siger for sesongen mot Ørsta 2, og då Hasundgot spelte uavgjort mot Godøy denne veka. Hasundgot stadion er dermed ein attraksjon rikare, og ein har dermed fleire grunnar til å turen på kamp.