Fann igjen stolen bil

New Articles

To menn er pågripne, sikta for biltjuveri i Saunesmarka i Ulstein onsdag morgon.

Ifølgje operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Roar Fylling, vart dei to og den stolne bilen funne i Hareid knapt ein og ein halv time etter tjuveriet.

Bilen vart stolen frå eit garasjeanlegg, og Fylling seier at det også er mistanke om ruskøyring.