No tennast tusen julelys, også i Hjørungavåg

Det vert julegrantenning i Hjørungavåg også i år. Biletet er frå ei tilsvarande markering for nokre år tilbake. 

New Articles

Søndag er det 1. desember og til alt overmål første søndag i advent. Dette plar vere ein dag der julegranene vert tente rundt omkring i bygd og by.

Mange har annonsert sine julegranarrangement i lokalavisa, men ved eit mistak kom diverre ikkje annonsen som Hjørungavåg idrettslag hadde bestilt med i avisa som planlagt. I Hjørungavåg vert det julegrantenning på Leira denne dagen, nærare bestemt klokka 16. Ordførar Bernt Brandal vil halde ein appell og det vert musikk av Hjørungavåg skulekorps.

Vi nemner elles at på Hareid tjuvstartar dei og tenner julegrana allereie på fredag ettermiddag, i samband med at den nye miljøgata i sentrum vert opna.