Rådmann Ragnhild Velsvik i Hareid:

- Reiseliv er det nye gullet

Vikingland og relansering av vikingspel i Hjørungavåg, natt ved Ishavsmuseet, holevandring på Kvitneset og guida fjellturar i Hareidsfjella var berre nokre av ideane som vart lansert under det opne møtet om reiseliv på Melshorn Hotell tysdag.

Gruppemøte: Linda Haddal Røssevoll, Wenche Jøsok, Eldar Hareide, Magne Larsen og Perdis Holstad Reitan diskuterer reiselivsattraksjonar i Hareid med (ståande) reiselivssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.  Foto: Anne Gry Eilertsen

New Articles

- Reiseliv kan bli det nye gullet, uttalte rådmann Ragnhild Velsvik under det opne møtet. Ho er medlem i styringsgruppa som er sett ned for at dei fem kommunane på Søre Sunnmøre i samarbeid skal klare å trekke fleire turistar til regionen. Samarbeidet mellom kommunane må bli tettare, og skal munne ut i at det blir laga pakkar som gjer at turistar kan sitje rundt om i verda, trykke på ein knapp og få oppleve både fuglefjellet på Runde, guida vandring på Kvitneset, Vikingland i Hjørungavåg og båttur frå Ålesund til Ishavsmuseet i Brandal. Til dømes.