Sikta for ruskøyring

New Articles

Ein mann i 30-åra er sikta for å ha køyrt i ruspåverka tilstand. Føraren vart stoppa av poltiet rundt klokka 15.00 laurdag på Fylkesveg 61. Mannen måtte avlegge blodprøve og førarkortet hans er inndrege. Det melder politiet på Twitter.

Det har vore fleire tilfelle av ruskøyring dei siste dagane. I går, fredag 20. mars vart ein bilførar anmeldt for å ha køyrt i ruspåverka tilstand i Herøy. Tidlegare på dagen på Gurskøya, omlag klokka 14.30, vart ein mann i 30-åra sikta for å ha vore ruspåverka medan han køyrde bil. I begge tilfella vart det tatt blodprøve og beslag i førarkort.