Feira 17. mai på forskot

KLAR, FERDIG, GÅ: Tradisjonelle leikar som sekkeløp og potetløp høyrer med når ein skal markere nasjonaldagen, sjølv om det skjer to dagar på forskot. 

New Articles

Det vart barnetog likevel, på Ulstein skule feira dei 17. mai to dagar på forskot.  Foto: Synnøve Haug

Medan sjølve feiringa av nasjonaldagen vert noko annleis enn det vi er vane med, har fleire skular og barnehagar feira litt på førehand. Ved Ulstein skule vart elevane møtt med flagget til topps då dei kom på skulen fredag 15. mai. Til musikk frå sjølvaste HMK Gardens musikkorps, rett nok på Spotify, marsjerte dei i tog rundt skulen og i nabolaget.

- Eg håper at dette var med på spreie litt godt humør, seier rektor Synnøve Haug.

Seinare på dagen fekk dei både pølser til lunsj og FAU kom og delte ut is. I tillegg arrangerte fleire klasser tradisjonelle 17. mai-leikar som potetløp og sekkeløp. Nokre av elevane heldt også tale for dagen.

Tok med potet og skei heimanfrå

SKEI PÅ SKEIDE: Elevane hadde med både skei og potet til potetløpet heimanfrå for å redusere risikoen for smitte.  Foto: Synnøve Haug

Rektor Synnøve Haug forsikrar om at smittevernet vart teke på alvor. Til dømes delte ikkje dei som deltok på potetløpet verken skei eller potet med andre, dette utstyret hadde dei tatt med heimanfrå. Det samme var tilfelle med sekkane som vart brukt i sekkeløpet.

Smittevernomsynet vart også teke i vare når det gjaldt 17. mai-.toget, eller i dette tilfellet 15.mai-toget. Her vart deltakarane delt inn i mindre puljer som heldt den foreskrivne smittevernsavstanden på to meter.

- Ettersom 17. mai i år ikkje vert slik vi er vane med, bestemte Ulstein skule seg for å gjennomføre 17. mai den 15. mai. Vi hadde lyst til å gjere noko kjekt for elevane, ikkje minst for dei som går i første klasse som skulle vere med på sin første 17. mai som skuleborn. Det var viktig for skulen å skape ei god oppleving for elevane i den uvanlige tida vi er inne i. seier Haug.

Opptak frå 17. mai-feiringa ved Ulstein skule vert ein del av sendingane som vil gå føre seg på Ulstein kommune sine nettsider og facebok-sider på nasjonaldagen.

På sjølve dagen vert det forresten levande korpsmusikk på Skeide klokka 14.30. Då vil Ulsteinvik skulekorps spele.