Matcha ikkje resultatet frå i fjor, men er nøgd likevel

Administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset, er nøgd med resultatet etter årets første kvartal, men seier at koronasituasjonen også har prega banken til liks med resten av samfunnet.  Foto: Marius Beck Dahle

New Articles

SpareBank 1 Søre Sunnmøre hadde eit resultat før skatt på 37,7 millionar kroner etter første kvartal i år. Etter første kvartal i fjor var resultatet 94,4 millionar kroner.

- Banken hadde store ekstraordinære inntekter i første kvartal 2019. Ser vi på den ordinære bankdrifta, er resultatet i 2020 vesentleg betre enn i 2019, forklarer banken i ei pressemelding.

Her fortel dei at dei har god likviditet ved utgangen av første kvartal, men merkar at koronasituasjonen pregar samfunnet.

- SpareBank 1 Søre Sunnmøre har levert gode resultat over tid, noko som gjer at banken er solid og har likviditet til å stå støtt gjennom situasjonen som no pregar samfunnet vårt. Visjonen vår er å gjere det betre å bu og virke på Søre Sunnmøre, og det har aldri vore meir sant. Våre 65 tilsette legg ned ein formidabel innsats med fullt fokus på å støtte kundane i denne krevjande tida. Dette er eg veldig stolt av, fortel administerande direktør Stig Brautaset i pressemeldinga.