Trafikkulukke mellom Garnes og Kvalnestunnelen

To av dei tre bilane frå møteulukka vart frakta vekk måndag kveld, etter at politiet hadde gjennomført tekniske undersøkingar på ulukkesstaden. Foto: Linda Eikrem.  

New Articles

Oppdatering 20:45: Bilane som var involverte i ulukka har blitt fjerna frå staden og vegen blir opna for trafikk. Vegtrafikksentralen meldte om manuell dirigering den første tida etter opninga på grunn av mykje trafikk.

To av dei tre bilane frå møteulukka vart frakta vekk måndag kveld, etter at politiet hadde gjennomført tekniske undersøkingar på ulukkesstaden. Foto: Linda Eikrem.  

Ifølgje NRK Møre og Romsdal har politiet fått forklaring frå begge bilførarane som vart sende til sjukehus. Dei har forklart at ein av bilane kom over i motsatt kjørefelt, men ifølgje politiet må vidare undersøkingar vise kva som var årsaka til dette. Ingen av bilførarane skal vere alvorleg skadde.

Svært lang kø før fylkesvegen vart opna for trafikk. Foto: Andreas Solbakken. 

Måndag rykte naudetatane ut til ei trafikkulukke på fylkesveg 61. Ifølgje politiet var ulukka i nærleiken av Kvalnestunnelen. Vikebladet Vestposten har fått tips om at ulukka har skjedd nærare Garnes enn tunnelen.

Det var tre bilar involvert i ulukka.

I ei oppdatering frå politiet går det fram at to av bilførarane blir frakta til sjukehus med ambulansehelikopter. Dei melder også at undersøkingane på staden vil halde på ei god stund framover. Det blir difor jobba med å dirigere om trafikken.

To personar vart frakta til sjukehus med ambulansehelikopter etter møteulukka måndag ettermiddag. Foto: Tipsar. 

Over i feil felt

Vikebladet Vestposten har snakka med ein bilist som kom til staden like etter ulukka. Han fortel at ein bil som kom køyrande i retning Ulsteinvik kom over i feil køyrefelt. Føraren av den første møtande bilen klarte så vidt å svinge unna, men hamna i grøfta på andre sida av vegen.

Denne bilen kom seg unna møteulukka, men hamna i staden i grøfta på motsett side av vegen. Foto: Mathea Eikrem Flatin.  

Bilen som køyrde i retning Ulsteinvik trefte i staden den neste bilen midt i fronten. Førarane av desse bilane vart sende til sjukehus med luftambulanse. Det er framleis usikkert omfang av skadane på dei to som vart sende til sjukehus.

Vegen er stengt som følgje av ulukka. Ifølgje politiet vil vegen vere stengt fram til ca, 20:30 på grunn av tekniske undersøkingar på ulukkesstaden.

Det står framleis bilistar i kø og ventar på å få sleppe fram, men ifølgje Bjørn Gray har politiet kome rundt og informert om vegstenginga.

Har du tips eller opplysningar? Send til redaksjon@vikebladet.no

Fleire har tipsa om at det er kaotisk på vegen over Fjelle. Foto: Ann-Kristin Ringstad 

Kaos over Fjelle

Fleire tipsarar har kontakta Vikebladet Vestposten og åtvara bilistar om å køyre over Fjelle. Grunna stor trafikk er det kaotiske tilstandar på denne strekninga. Vegvesenet melder også at det er trafikale problem på denne strekninga og melder at alternativ omkøyring vil vere på E39 om Ørsta og Sula. Bilistar som ikkje må køyre no blir råda til å vente.



Det er lange køer på begge sider av ulukka. Politiet melder at det vil vere trafikale utfordringar ein periode som følgje av ulukka.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll

Blir oppdatert.