Ikkje lenger nødvendig med legevurdering for å få koronatest

  Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NPK

New Articles

Frå onsdag 12. august kan alle som sjølv mistenkjer at dei er koronasmitta, få høve til å teste seg utan at ein lege vurderer det først.

– Det er viktig at alle som no trur at dei kan vere smitta eller har forkjølingsliknande symptom, nyttar høvet til å teste seg. Koronatesting er gratis og svaret får ein etter éin til to dagar ved å logge seg inn på helsenoreg.no , seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad i ei pressemelding frå Helsedirektoratet.

Direktoratet opplyser at med dei nye retningslinjene som blir innførte onsdag 12. august, bør alle som sjølv mistenkjer at dei er smitta, få moglegheita til å teste seg.

Ifølgje dei nye retningslinjene bør helsetenesta tilrå testing for alle med nyoppstått luftvegsinfeksjon eller andre symptom på covid-19, og dessutan alle som kan ha vorte smitta av viruset, anten som nærkontakt eller etter reise i eit land med høg smitteførekomst dei siste ti dagane. Andre grupper kan testast etter ei vurdering frå ein lege.

Dersom personar som ikkje har smittesymptom eller som ikkje har vore eksponert for smitte testar positivt, må resultatet stadfestast av ein ny test.

Helsedirektoratet opplyser at alle kommunane i landet er varsla om endringa i testkriteria.