Resultatet frå alle nærkontaktane er klart

Du kan vere smitta av koronaviruset utan at det slår ut på ein test.  

New Articles

Herøy kommune melder at alle dei 22 nærkontaktane til den smitta herøyungdomen testa negativt på covid-19.

Ungdomen som testa positivt på covid-19 før helga, testa seg på ny sundag. Og resultatet frå den testen var negativ.



– Dette er beroligande, seier smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen i ei pressemelding. – Dette betyr at smitten så langt ikkje har spreidd seg til nærkontaktene. Men smittekjelda har me ikkje funne.



Sit framleis i karantene

Sjølv om dei testa negativst skal dei framleis sitje i karantene. Dei fleste skal sitje i karantene til laurdag 17. oktober.

Grunnen er at koronainfeksjonen har ei inkubasjonstid på 2 – 10 (-12) dagar. Brot på karantenen kan sette andre i fare, dersom smitten bryt ut seint i karanteneperioden.

Dei 22 blir rådde til å teste seg på ny torsdag denne veka.