Laurdag og søndag: Byr inn til haustmesse på Haddal Grendahus

Ekteparet Elin-Grethe Haddal og Ivar Mork er mellom dei som stiller ut på haustmessa på Haddal grendahus denne helga. Biletet er frå ei messe på Flø for nokre år sidan. 

New Articles

Laurdag 17. og søndag 18. oktober er det haustmesse på Haddal Grendahus.

- Alle utstillarane er heimehøyrande i Eiksund eller Haddal eller er derifrå. Dei to bygdene har mange kreative innbyggjarar – og har plass til fleire, melder arrangørane i ei pressemelding.

Mellom det som vil vere å få kjøpt på messa er både strikka, hekla og brodert handarbeid, ein god del saum og figurar i både ull og stål.

- Nokre dyktige kunstmålarar stiller ut bilete. Røynde bakarar stiller med lefser og flatbrød. Nydeleg, lokal honning vert å få kjøpt, og er du frostige, finn du fine, varme saueskinn. Forfattarane i Haddal stiller med bøker, både kokebøker og skjønnlitteratur. Korpset har òg nokre produkt dei sel, og Gunn Sunde har med seg Tupperware, vert det opplyst.

Haddal musikkorps vil selje kaker, kaffi og tombola. I tilegg vil dei syte for musikalske innslag. Det vil også trekkspelklubben gjere.