Farevarsela står i kø: Ventar full storm på Sunnmøre søndag

«Gyda» har forlatt oss, men det er venta meir uvêr. Meteorologane har sendt ut gult farevarsel om kraftige vindkast frå tidleg søndag kveld.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

New Articles

Farevarsela frå meteorologane har stått i kø dei siste dagane. Fredag formiddag har Met.no sendt ut gult farevarsel om kraftige vindkast i Møre og Romsdal. Det er venta vestleg liten til full storm seint søndag ettermiddag som dreiar nordvestleg om kvelden. Det kan kome vindkast opp i 30-37 m/s, i følgje meteorologane.